
I dag spratt eg opp klokka sju for å bake litt. Det var tross alt frukostmat eg skulle bake, så då var det god nok grunn for å ta ein tidleg start! Desse muffinsane er ein annan versjon av desse. Her har eg nytta blant anna soyayoughurt, speltmjøl og tørka tranebær som nye ingrediensar. I tillegg har eg kutta ut fleire av ingrediensane i den forrige oppskrifta. Kort og godt for å få ein ny smak.
Desse muffinsane er geniale mellommåltid, "etter-trening-mat" og elles som ein litt annleis frukost eller kvelds. Dei er best same dagen dei er bakte, men ei kan fort gjere dei nybakte igjen, ved å varme dei opp med brødristar eller i steikeomn.
Ingrediensar:
2 egg
2 bananer
4 ss rapsolje
2 ss honning
1 dl soyayoughurt (evt. vanleg youghurt)
3 koppar speltmjøl
1 ts bakepulver
2 kopp havregryn
3 ss linfrø
1/2 ts salt
2 koppar valnøtter
1 kopp tørka tranebær
- sett steikeomnen på 190 grader.
- varm ei tørr steikepanne og rist først havregryna, så valnøttene. Grovhakk valnøttene etterpå.
- mos bananene og visp saman med egga til du får ein eggedosis-liknande konsistens. Tilsett rapsolje, honning og youghurt og bland godt.
- bland saman mjøl, bakepulver, dei rista havregryna, linfrø og salt. Sikt i den våte blandinga. Bland godt. Tilsett litt ekstra youghurt dersom det blir for tørt.
- vend inn valnøttene og tranebæra i røra.
- fordel i former (helst faste) og steik i 25-30 minutt.